Self Imagery # 2 (2025)

Teknikk: Blyant og blekk av fermentert lav på 300g Fabriano

Dimensjon: 40 cm x 55 cm
Pris: 11.000,- (inkl. 5%)
Arbeidet er del av ein pågåande serie sjølvportrett som set spørsmålsteikn ved korleis ein vel å framstå. Vi er del av eit samfunn som krev lukke, suksess og framgang, men kva gjer dette med oss?
Blekket er laga av ulike typar fermentert lav funne i området eg bur. Mange av fargane er ikkje lysekte og vil bleikne over tid.

Self Imagery # 3 (2025)

_______ 
Gro Gjengedal (f. 1981 på Nordfjordeid) bur og arbeidar på Karmøy i Rogaland. Ho har ein bachelor i tekstil og ei mastergrad frå Kunst- og designhøgskolen i Bergen. 
Gjengedal forskar på korleis å kommentere samfunnsmessige problemstillingar gjennom ulike typar naturmateriale. Med utgangspunkt i personlege tema og erfaringar utforskar ho individet si oppleving av og interaksjon med normer og reglar i samfunnet. Arbeida står gjerne i ei balanse mellom reint og ureint, ei subtil samhandling mellom ulike naturmaterial, mellom kroppen og omverda. Arbeida skal utfordre og oppfordre til refleksjon over eige og andre sine liv, både i forhold til det kroppslege og psykiske. 
Dei siste åra har Gjengedal hatt separatutstilling på Salongen Visningsrom (Stavanger) og vist arbeid ved Galería Nacional del Palacio de Bellas Artes (Den dominikanske republikk), Galleri Salhus (Bergen), NK si årsutstilling i 2023, NK50-utstillinga Strømninger (Stavanger og Haugesund) og Høstutstillingen 2025 (Oslo).
_______ 
For kjøp av verk, vennligst ta kontakt med galleriverten. Merk at verket tidligstkan overtas når utstillingsperioden er over.
_____ ​​​​​​​
Back to Top